Program for 17. mai i Lom

Det er ikkje lenge igjen til 17. mai og nasjonaldagsfeiring i Lom, og dagen byr på eit variert og tradisjonsrikt program for store og små.

Med flaggheising, folketog, gudsteneste og aktivitetar i Presthaugen, ligg alt til rette for ei stemningsfull og flott 17. mai-markering.

Flaggheising

Feiringa startar tidleg med flaggheising på Kyrkjevollen kl. 08:00, etterfølgt av flaggheising ved Lom helseheim kl. 08:15. 

Messe

Klokka 12:00 vert det messe i Lom stavkyrkje før folketoget startar kl. 13:00. 

Tog

Toget går frå Kyrkjevollen via Bergom og Lom helseheim, og endar opp i Presthaugen. I folketoget kan lag og organisasjonar stiller med eigne faner. Det er ikkje lov med motoriserte køyretøy i toget, men alle er hjarteleg velkomne til å gå. 

Toget ventast å kome til helseheimen kl. 13:30. 

Presthaugen

Frå kl. 14:00 blir det leik og moro i Presthaugen. 

Her vert det både loddsal, open kiosk og variert program frå scena. Ordførar Kristian Frisvold held tale,.

Med bunad, is og felleskap i fokus ønskjer vi alle ei flott feiring – vel møtt til 17. mai i Lom!

Program for 17. mai - Klikk for stort bilde