Redusert drift og mellombelse lokale ved legekontoretLegekontoret i Lom kommune vil ha redusert drift på grunn av støy frå ombygging ved helseheimen. Dette gjeld veke 9 (23.-27. februar).Mellombelse lokaleLegekontoret vil denne veka vere flytta til mellombelse lokale i fyrste etasje i den nye delen av helseheimen. Tilkomst er via hovudinngangen, og det vil vere skilting.Redusert driftPå grunn av redusert drift vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre alle etterkontrollar, som blodprøver og andre undersøkingar. Pasientar kan måtte kome attende ved eit seinare tidspunkt.Telefontida er uendra. Sist endret 18.02.2026 09.55