Restriksjonar på hagevatning

Med bakgrunn i stort vassforbruk må Lom kommune innføre restriksjonar på hagevatning.

Dette for å sikre drikkevassforsyninga til alle og kunne handtere akutte hendingar i beredskapssamanheng. Restriksjonane på hagevatning gjeld frå dags dato (10. juli).

Det er tillate å vatne kvar andre dag mellom 19:00 og 23:00. Det er berre tillate å bruke ein spreiar. 

Husnummeret ditt bestemmer dei dagane du kan vatne

På datoar med oddetal (1, 3, 5 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med oddetal.  

På datoar med partal (2, 4, 6 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med partal. 

Vis måtehald

Det blir bede om at alle viser måtehald ved hagevatning og etterlever restriksjonane. 

Dette gjeld bustadar knytt til kommunale vassverk.