For nokre kan manglande digital kompetanse, tilgang til utstyr eller usikkerheit kring digitale løysingar gjere det vanskeleg å delta fullt ut i samfunnet.
Lom kommune ønskjer at alle innbyggjarar skal ha moglegheit til å ta del i den digitale kvardagen. Difor arbeider vi aktivt for å førebyggje digitalt utanforskap.
Kva er digitalt utanforskap?
Digitalt utanforskap handlar om at personar ikkje har dei føresetnadene som trengst for å bruke digitale verktøy og tenester. Det kan gjere det vanskeleg å få tilgang til offentlege tenester.
Årsakene kan vere mange, til dømes:
- manglande digital kompetanse
- lite erfaring med digitale løysingar
- manglande tilgang til utstyr eller internett
- språklege utfordringar
- helseutfordringar eller funksjonsnedsettingar
Slik arbeider kommunen
I kommunikasjonsstrategien til Lom kommune er det vedteke eigne retningslinjer for å førebyggje digitalt utanforskap.
Retningslinjene peikar mellom anna på behovet for opplæring, rettleiing, tilgang til utstyr, klart språk og samarbeid med lokale aktørar. Kommunen skal også støtte initiativ som bidreg til inkludering og meistring av digitale verktøy.
Lokalt samarbeid for auka digital kompetanse
Hausten 2025 starta Espen Andrè Solutions eit kurstilbod der eldre og andre som ønskjer det, får hjelp til å bruke mobiltelefon, datamaskin og andre digitale løysingar i kvardagen. Kursa blir gjennomførte i samarbeid med Lom Frivilligsentral.
Lom kommune har støtta tiltaket økonomisk og bidreg i samarbeidet. Espen Andrè Solutions har kompetanse og erfaring innan digital rettleiing og opplæring, og kan tilby målretta hjelp tilpassa behova til deltakarane.
Tiltaket er i tråd med kommunen sine retningslinjer for å førebyggje digitalt utanforskap, der lokale samarbeid blir løfta fram som eit viktig verkemiddel. Ved å ta i bruk kompetansen og ressursane som finst lokalt, kan vi styrkje arbeidet med digital deltaking og inkludering.
Kursa startar opp i veke 35, og skal i hovudsak halde fram annakvar veke gjennom hausten og vinteren.
Kursarrangementa finn du på Friskus
Eit meir inkluderande lokalsamfunn
Digital inkludering handlar om meir enn teknologi. Det handlar om deltaking, sjølvstende og moglegheita til å meistre kvardagen. Gjennom målretta tiltak og samarbeid ønskjer Lom kommune å bidra til at fleire kjenner seg trygge i møte med digitale løysingar.