SAR61°N samla aktørar frå heile redningstenesta, med mål om å styrkje samhandlinga og vere betre førebudde på krevjande hendingar. Når store ulukker eller katastrofar skjer, er det avgjerande at dei ulike aktørane kjenner kvarandre, forstår kvarandre sine roller og kan samarbeide effektivt.
Samlinga vart avslutta med ei omfattande masseskadeøving i Flåklypa. Scenarioet var eit større ras der både bygningar, køyretøy og menneske vart råka. Om lag 70 «skadde» markørar deltok i øvinga, og fleire ulike redningsressursar var involverte. Politihelikopter, redningshelikopter, luftambulanse, dronekapasitet, Forsvaret, naudetatar og redningsmannskap øvde saman i eit krevjande og realistisk scenario.
Lom kommune deltok også i øvinga, med fokus på kommunen si rolle i ei større hending. Kommunal kriseleiing fekk trene på samhandling med naudetatane og andre beredskapsaktørar, og kommunen etablerte evakueringssenter som ein del av øvinga.
For kommunen var dette ei verdifull moglegheit til å øve saman med svært kompetente fagmiljø og få erfaring med korleis ein handterer komplekse situasjonar som krev koordinering og samarbeid på tvers av organisasjonar.
SAR61°N vart arrangert av Stiftelsen Norsk Luftambulanse saman med ei rekkje andre aktørar innan redningstenesta. Samlinga har som mål å vere ein fast arena for trening, utvikling og erfaringsdeling, og er ei vidareføring av tidlegare samlingar.
Lom kommune takkar arrangørane og alle som bidrog til ei svært godt gjennomført samling. Det har vore inspirerande å sjå kor mykje kompetanse, erfaring og engasjement som har vore samla i Lom denne veka – og kor viktig samarbeid er for å kunne handtere krevjande situasjonar når det verkeleg gjeld.