Lyden som reddar liv
Slik sjekkar du på 1-2-3:
- Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Om han ikkje fungerer, må du byte batteri – eller kjøpe ny røykvarslar.
- Sjekk om røykvarslarlyden høyrest tydeleg i opphaldsrom og soverom, òg når døra mellom romma er lukka.
- Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire, bør dei vere seriekopla.
– Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette er særleg viktig om bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å komme i tryggleik, seier Bjørn Bøye.
Røykvarslarar bør testast éin gong i månaden, og kvar gong du har vore borte over lengre tid. Det er òg ein fordel å støvsuge dei jamleg. Det aukar levetida. Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta – batteriet kan ha gått tomt medan du var borte, og du får då ikkje varsel om at det bør bytast.
Ta ansvar for dei næraste dine
Brannstatistikken viser at nokre delar av befolkninga er meir utsette og sårbare når brann oppstår. Dette gjeld mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
– Mange har vanskar med å sjekke røykvarslarar sjølve. Vi oppmodar difor alle til å sjå til at dei næraste dine har røykvarslarar som verkar, og å byte batteri ved behov, seier Bjørn Bøye
Røykvarslardagen er ein landsdekkjande kampanje som alltid går av stabelen 1. desember kvart år. Sentralt er det Brannvernforeininga, DSB og Gjensidige som står bak kampanjen. Lokalt bidreg brannvesenet og DLE (Det lokale eltilsynet) med å setje bodskapen på dagsorden.
På landsbasis finn du nyttig informasjon om brannførebyggjande tiltak på www.roykvarslardagen.no.