Skatteliste til offentleg gjennomsyn

Eigedomsskattelista for 2026 er no lagd ut til offentleg gjennomsyn, med høve til å klage innan fastsett frist.

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 2025/914) for året 2026, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagd ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå dags dato. Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakst med botnfrådrag for bustad- og fritidseigedomar, skattesats og utrekna eigedomsskatt.

Kvar finn du skattelista?

Skattelista er lagd ut på servicetorget på Midtgard og på Lom folkebibliotek. 

Du kan og finne skattelista her Skatteliste til offentleg gjennomsyn (PDF, 188 kB)

Klage på eigedomsskattetakstar

Klage på eigedomsskattetakstar som er vedtekne av kommunen, kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Klage må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker, seinast 25.03.2026.

Ei klage kan sendast inn på desse måtene:

Per e-post til:

post@lom.kommune.no 

Per post til:

Lom kommmune v/Eigedomsskattekontoret

Sognefjellsvegen 6

2686 Lom