Ordninga skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket.
Det kan søkjast om støtte til kunst- og kulturprosjekt innan det breie kulturfeltet, samt til arrangement som fremjar toleranse og inkludering. Tilskot kan vere mellom 20 000 og 300 000 kroner.
Kven kan søkje?
Organisasjonar, miljø og utøvarar innan kunst, kultur og kulturarv kan sende inn søknad. Kommunar kan vere med som samarbeidspartnarar, men kan ikkje vere søkjarar. Søkjar må vere registrert i Enhetsregisteret.
Kriterium for vurdering:
Prosjekta blir vurderte ut frå mellom anna:
- samspel mellom frivillige og profesjonelle
- lokal og regional betydning
- tilknyting til Innlandet
- plan for gjennomføring og økonomistyring
- eventuelle samarbeidspartnarar som styrkjer prosjektet
I tillegg blir søkjarar utan annan støtte frå Innlandet fylkeskommune prioriterte.
Søknaden skal sendast via Regionalforvaltning.no, der skjemaet blir opna om lag to månader før fristen. Søknaden må innehalde prosjektbeskrivelse, budsjett, finansieringsplan og framdriftsplan.
Full informasjon ligg på Innlandet fylkeskommune sine nettsider.