Steinfjoset held ope gjennom vinteren

Som ein del av omstillingsarbeidet i Lom kommune vart det tidlegare vedteke å stengje Steinfjoset i vinterhalvåret. Etter ei ny vurdering blir ikkje vinterstenginga gjennomført no i vinter. 

Bakgrunnen er at det er planlagt ei oppgradering av Steinfjoset med oppstart i 2027. For å kunne stengje bygget om vinteren måtte det gjerast tekniske tilpassingar. Kostnaden ved dette er no estimert til å vere høgare enn innsparinga ei vinterstenging ville gitt.

Det er også lagt vekt på konsekvensane ei stenging ville hatt for lag, foreiningar og andre brukarar av bygget.

Kommunen forventar at den planlagde oppgraderinga vil gi lågare energibruk og betre styring av oppvarminga. Samla sett er målet å oppnå mykje av den same effekten som vinterstenginga var meint å gi.

Steinfjoset har ein kulturhistorisk verdi i Lom og vil framleis vere tilgjengeleg for aktivitetar og arrangement komande vinter.

Tiltaket er eitt av fleire tiltak i omstillingsarbeidet i kommunen og vart vedteke av kommunestyret 23. juni 2026 i saka Rullering av handlings- og økonomiplan 2026–2029 (KS 2026/55).

Les meir om omstillingsarbeidet i Lom kommune.