Takk for blomstrande innsats!Egil Olav, Solveig, Kari og Dennis har bidrege til at Fossbergom har vore ekstra flott i sumar og haust.Lom kommune vil rette ein stor takk til Egil Olav, Solveig, Kari og Dennis for den flotte innsatsen dei har lagt ned i sentrum gjennom sumar og haust. Desse friviljuge har teke ansvar for planting, stell og vedlikehald av blomane i Fossbergom, og har med dette bidrege til å skape eit triveleg og innbydande miljø – både for innbyggjarane og dei mange som har besøkt Lom i løpet av året.Friviljug arbeid er ein viktig og uvurderleg ressurs for kommunen, og vi set stor pris på engasjementet og samarbeidet med dei som ynskjer å bidra til fellesskapet. Innsatsen frå Egil Olav, Solveig, Kari og Dennis er eit godt døme på korleis lokalt engasjement gjer ein positiv forskjell for så mange.Førre veke vart dei fire inviterte til julelunsj hjå eigedomsavdelinga. Der fekk dei overlevert ei helsing som takk for innsatsen i året som har gått.Under finn du eit bilete frå julelunsjen, samt nokre glimt av dei vakre blomane som pryda sentrum i sumar og haust. Publisert av Hege Olimb Myhre Sist endret 15.12.2025 09.58