Tilrettelagte bustader på Lientomta

På Lientomta i Røyskattlia 18 skal det byggjast tilrettelagte bustader. Her kan du lese status for prosjektet.

2026

Kommunal eigedom er no inne i forprosjektfasen der vi jobbar med prosjektering og klargjering for utlysing av konkurranse for gjennomføring / bygging av prosjektet. Det blir planlagt for oppføring av tre bygg.

Hovudbygget inneheld:

  • 6 omsorgsleiligheiter
  • 2 avlastingsleiligheiter
  • Fellesareal for brukarane
  • Personalbase for TLT og Psykiatri

Dei to andre bygga blir oppført som to-mannsbustader, tilrettelagd som omsorgsbustader.

Byggestart er venta hausten 2026. Ferdigstilling er ikkje bestemt, men det er eit mål at bygga er klare i løpet av 2027.

Illustrasjonar

2025

Kommunen har inngått kontrakt med Flåklypa maskin AS for riving og sanering av bygga på Lientomta, Røyskattlia 18. Bygga skal vera ferdig rive innan 31. oktober.

Byggestart for dei tilrettelagte bustadane er venta sommaren/hausten 2026. Eksakt tidspunkt for ferdigstilling er ikkje klart per no, men det er venta at prosjektet blir fullført i løpet av 2027.

Utsnitt frå planskisse: