15.12.2025 vedtok kommunestyret, i sak 2025/99, rammene for prosessen med rekruttering av ny kommunedirektør. Det vart da sett ned eit tilsettingsutval, beståande av Kristian Frisvold, Sigrun Garmo og Magnus Bø.
Det vart vidare vedteke å nytte rekrutteringsbyrå. Her vart Fremogruppen AS valt etter ein open anbodskonkurranse.
Stillinga vart breitt lyst ut i media i perioden 16.01.2026–11.02.2026. Ved søknadsfristen 11.02.2026 var det 11 søkjarar til stillinga. Tilsettingsutvalet har saman med Fremogruppen v/ Hege Svendsen gjennomført ein grundig prosess og er svært godt nøgd med søkarmassen, rekrutteringsprosessen og vedtaket. I tillegg har hovudtillitsvald Jannicke Vole Brustuen delteke i prosessen.
Nærare avklaringar om tiltredingsdato og arbeidsavtale vil bli førebudde og avtalte etter kommunestyremøtet.
Synne Skogsrud er 44 år og bur i Lom. Ho er i dag konstituert kommunedirektør i Lom kommune og har elles stillinga som kommunalsjef for oppvekst, helse og meistring i kommunen. Ho har 16 års leiarerfaring på ulike nivå i kommunen. Ho tek nasjonalt toppleiarprogram for kommune- og spesialisthelsetenesta ved Handelshøyskolen BI og vil oppnå ein Executive Master of Management.