Trygg bruk av el-sparkesykkel

Det er ein auke i talet på ulykker med el-sparkesyklar blant barn og unge. Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk er uroa for utviklinga, særleg no når sommaren nærmar seg.

Dei oppmodar derfor alle foreldre og føresette til å ta ein prat med barna sine om trygg bruk av el-sparkesykkel. Det er dei vaksne som har hovudansvaret for barna i trafikken.

Når barnet ditt brukar el-sparkesykkel, er det ein køyrande trafikant. Det betyr at barnet må følgje trafikkreglane, tilpasse farten, ta omsyn til gåande og vite når det har vikeplikt.

Dette kan vere vanskeleg å ha full oversikt over, særleg for barn. Difor er rolla di som føresett viktig.

Kva kan du gjere?

Du kan bidra til å gjere trafikken tryggare ved å:

  • Snakke med barnet om trygg bruk og enkle trafikkreglar.
  • Sjekke at el-sparkesykkelen er lovleg.
  • Sørgje for at el-sparkesykkelen er forsikra.
  • Passe på at barnet brukar ein hjelm som passar.

Sjølv små grep kan redusere risikoen for ulykker.

Les meir og få konkrete råd hos Trygg Trafikk