Trygg skulestart er eit felles ansvar - vis omsyn i trafikken!

Snart er det skulestart, og mange barn skal ut i trafikken att – nokre for aller fyrste gong. Da har vi alle eit ansvar for å bidra til ein trygg skuleveg. 

Anten du er forelder, besteforelder, bilist, syklist eller fotgjengar, kan du gjere ein forskjell.

Vis litt ekstra tolmod og omsyn i trafikken dei første skulevekene. Mange av dei yngste elevane er uvande med trafikken og treng at vi vaksne er ekstra merksame.

La fleire gå eller sykle

Saman kan vi bidra til ein tryggare skuleveg ved å la fleire barn gå eller sykle til skulen når det er mogleg, og unngå unødvendig bilkøyring tett ved skulen.

Dersom du må køyre barnet til skulen, oppmodar vi deg til å stoppe litt unna skulen og la barnet gå den siste delen av vegen. Nokre minutt med frisk luft og rørsle før skuledagen startar, er ein god start på dagen – og bidreg samtidig til eit tryggare trafikkmiljø rundt skulen.

Bruk gjerne litt tid før skulestart til å øve på skulevegen saman med barnet. Da blir barnet tryggare, og de kan snakke om kva ein må vere merksam på i trafikken.

Slik kan du førebu barnet på skulestarten

  • Øv på skulevegen og snakk om situasjonar som kan oppstå.
  • Vel den tryggaste vegen, sjølv om han er litt lengre.
  • Følg barnet til skulen dei første dagane, og bytt gjerne på med andre vaksne.
  • Sykle saman. Barn bør som hovudregel vere 10–12 år før dei syklar åleine i trafikken.
  • Må du køyre? Stopp litt unna skulen og la barnet gå den siste biten.

Har du ikkje skulebarn?

Du kan også bidra til ein tryggare skuleveg. Sjekk at hekkar, buskar og tre ikkje hindrar sikta ved avkøyrsler og kryss langs eigedomen din. God sikt gjer det lettare for både barn, syklistar og bilistar å sjå kvarandre.

Når du er ute og køyrer, vis ekstra omsyn ved skular, gangfelt og område der barn ferdast. Senk farten og ver merksam – ikkje alle barn vurderer trafikken på same måte som vaksne.

Saman kan vi bidra til ein trygg og god skulestart for alle. 

Vi ynskjer alle elevar, føresette og tilsette eit godt nytt skuleår!