Gjennom TV-aksjonen har vi vore med på å bidra til tryggare og betre butilhøve for over 400 000 menneske i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
God innsats i Lom
Til saman vart det samla inn 215 056 kroner i Lom.
Mange har bidrege til årets aksjon – som bøsseberarar, frivillige og gjevarar, og gjennom skular, lag og foreiningar og lokalt næringsliv.
Tusen takk til alle som stilte opp og bidrog!
Resultat frå TV-aksjonen i Lom
- Bøsseberarar: 66 844 kr
- Skular: 70 004 kr
- Totalt samla inn: 215 056 kr
Rakk du ikkje å gje?
Det er framleis mogleg å bidra til TV-aksjonen. Du kan Vippse til 2133.
Sjå resultat frå TV-aksjonen i kommunane