Ta godt imot bøsseberarane!
Søndag 18. oktober går frivillige bøsseberarar frå dør til dør i Lom for å samle inn pengar til årets TV-aksjon.
Bøsseberarane er ein viktig del av aksjonen, og vi er glade for at så mange har meldt seg til å bidra lokalt.
Når bøsseberarane kjem på døra, kan du støtte aksjonen med kontantar eller betale med Vipps.
Er du ikkje heime når bøsseberarane kjem? Du kan også bidra ved å Vippse til 2133.