Varsel av start av arbeid med detaljreguleringsplan for Røyskattlie 10-18

Lom kommune planlegg å bygge omsorgsbustadar på eit areal som ligg til Røyskattlia 10-18. I samband med byggeprosjektet er det nødvendig å oppdatere reguleringsplanen som gjeld for området, og ein varslar med dette oppstart av arbeid med detaljregulering for området. 

Planområdet er på om lag 6,1 dekar. Det omfattar i hovudsak eigedom som er eigd av kommunen. I tillegg til grunnen det skal byggast på, omfattar planområdet ein del av den kommunale vegen Røyskattlie med kryss mot fylkesveg 2638 Solsidevegen. 

Kommunen vil gjennomføre planarbeidet i eigen regi, der Felleskontor for Plan, miljø og byggesak vil stå for utarbeidinga. Planområdet er tidlegare regulert for utbyggingsformål for offentleg tenesteyting og for vegformål. Ein vurderer at planarbeidet ikkje er omfatta av krav om konsekvensutgreiing. 

I samband med arbeidet med planlegging av dei nye omsorgsbustadane (knytt til miljøarbeidartenesta), er det utarbeidd ei førebels skisse for utbygging. Skissa er vist under, og viser mellom anna eit større bygg på to etasjar med 6 bueiningar, personalbase og fellesrom, og 2 ein-etasjars bygg kvar med 2 bueiningar. Planarbeidet vil i utgangspunktet basere seg på tilrettelegging for tilsvarande bygningsmasse når det tal på einingar, byggegrenser, høgde på bygg m.m.

Kartutsnitt som visar planområdet for Røyskattlie. - Klikk for stort bildeSkisse for bygging av omsorgsbustadar for tilrettelagte tenester i planområdet - utarbeidd av Nordplan AS på oppdrag frå Lom kommune (november 2025).

Ved reguleringsplanarbeidet er det også behov for å sjå på utforminga av krysset mellom den kommunale vegen og tilkomstvegen til Røyskattlie 17-28. 

Det er sendt brev med varsel om oppstart av planarbeidet til eigarar og festarar av naboeigedomar, til statlege, regionale og kommunale instansar samt andre med interesse i planarbeidet. Kopi av brevet med meir utfyllande opplysningar om planarbeidet finn du under.

Evt. spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til Øyvind Pedersen, kontaktinformasjon finn du nederst på sida. 

Ein vil be dei som har innspel og merknadar til planarbeidet, om å sende desse til 

Innspel og merknadar må sendast innan 02.02.2026. Merk uttalen med sak nr. 2025/1140.