Velkomen til gravidtreffHelsestasjonane i Lom, Skjåk og Vågå samarbeider om eit nytt tilbod med uformelle og sosiale gravidtreff. Første samling blir på Lom folkebibliotek tysdag 13. oktober.Gravidtreffa blir arrangerte ein gong i månaden og er ein sosial møteplass for deg som er gravid. Samlingane vil gå på rundgang mellom Lom, Skjåk og Vågå, med ulikt innhald frå gong til gong.Første treff blir tysdag 13. oktober kl. 14.00–16.00 på Lom folkebibliotek. Denne gongen kjem fysioterapeut Jorunn Sperstad Fjeld og held eit kort innlegg om bekkenleddssmerter under graviditeten.Det blir enkel servering og god tid til å møtast og prate.Tid og stadTid: Tysdag 13. oktober kl. 14.00–16.00Stad: Lom folkebibliotekVelkomen til ei triveleg stund i lag! Sist endret 06.10.2026 10.29