Velkomen til Haustival i Presthaugen!Torsdag 22. oktober inviterer Lom og Skjåk kulturskule til Haustival i Presthaugen. Publikum kan gle seg til ein kveld fylt med kunst, musikk, dans og teater. Arrangementet er ope for alle, og det er gratis inngang.Festivalen startar kl. 18.30 ved hovudscena i Presthaugen. Gjennom ei guida vandring i grupper får publikum oppleve eit variert program med innslag frå elevane ved kulturskulen.Alle besøkande får tildelt ei gruppe ved inngangen. Foreldregruppa stiller med matbod under arrangementet. Lom og Skjåk kulturskule Praktisk informasjonTid: Torsdag 22. oktober kl. 18.30–20.30.Stad: Presthaugen i Lom.Oppmøte: Opning ved hovudscena kl. 18.30.Påkledning: Arrangementet er utandørs, så kle deg godt.Gruppeinndeling: Hugs å hente gruppebillett ved inngangen.Parkering: Parkering ved Presthaugen er reservert for bilar med handikapbevis. Andre kan parkere ved Utgard, skulane eller Coop.Inngang: Gratis og ope for alle.Lom og Skjåk kulturskule ønskjer alle velkomne til ein kulturkveld i Presthaugen!Bilde frå fjorårets Haustival i Bismo Skjåk komune Publisert 22.10.2026 08.38 Sist endret 22.10.2026 08.43