Arrangementet passar for pårørande, tilsette i helse- og omsorgstenestene, frivillige og alle som er opptekne av pårøranderolla.

Eit viktig og aktuelt tema
Årets konferanse har temaet «Når ansvar møter motstand – pårørande og fagfolk i eit pressa velferdssystem».
Konferansen set søkjelyset på utfordringane som oppstår når ressursar, behov og forventningar ikkje strekk til. Gjennom faglege innlegg, refleksjonar og erfaringsdeling får deltakarane innsikt i korleis pårørande, tenester og styresmakter saman kan møte desse utfordringane og finne gode løysingar i ei tid med aukande press på velferdssystemet.
Program
Programmet omfattar mellom anna nytt frå myndigheitene, faglege innlegg og forsking på aktuelle tema som:
- Pårørande sin situasjon i arbeidslivet
- Barn som pårørande
- Aktuelle tiltak og erfaringar frå heile landet
Konferansen blir leia av Unn Birkeland frå Pårørendesenteret og Else Kåss Furuseth. Det blir også kulturelle innslag gjennom dagen.
Les heile programmet her
Stand for frivillige organisasjonar
Frivillige organisasjonar er velkomne til å delta med stand. Dette er ei god moglegheit til å synleggjere arbeidet de gjer, møte publikum og knyte kontakt med både pårørande og fagmiljø.
Ta kontakt dersom de ønskjer å bidra med stand på arrangementet.
Påmelding og praktisk informasjon
Deltaking er gratis, og lunsj er inkludert.
Du kan melde deg på via denne lenka:
Påmelding Pårørendekonferansen
Du kan også bruke QR-koden for påmelding.
Påmeldinga er bindande. Dersom du blir forhindra frå å delta, ber vi om at du melder deg av innan kl. 12 dagen før arrangementet.
Vi håpar mange vil vere med på ein viktig fagdag med fagleg påfyll, refleksjon og gode samtalar.