No er dagen endeleg komen! Vi har gleda av å invitere til ei festleg markering når vi opnar vår heilt nye sjukeheimsfløy.
Ordføraren vil klippe snora og markere starten på ei ny og spennande tid for både bebuarar, tilsette og lokalsamfunnet. Det blir servert kake og kaffi i dei nye lokala til dagsenteret i 1. etasje.
Bli med og feire denne store milepælen!
Vi håpar alle har anledning til å delta - dette blir ein dag vi vil hugse lenge.
Litt praktisk informasjon:
- Det er reduserte plasser til parkering. Køyr i lag med andre eller kom til fots denne dagen.
- Det er ikkje tillate med piggsko i den nye fløya. Besøkande blir oppfordra til å bruke skotrekk.
- Besøkande skal ikkje opphalde seg i fløy A eller fløy B.
Bilete og videoar frå tidlegare i byggeprosessen kan du sjå ved å klikke på knappen Prosjekt Lom helseheim