8. mai er dagen då Noreg igjen vart fritt etter fem år med okkupasjon under andre verdskrigen. Dagen er også veterandagen, der vi heidrar alle som har kjempa for Noreg og delteke i internasjonale operasjonar for fred og tryggleik.
Markeringa gav eit viktig høve til å minnast dei som ofra mykje for fridomen vi har i dag, og til å vise takksemd og respekt for innsatsen til både tidlegare og noverande veteranar.
Varaordførar Sigrun Garmo heldt tale, og det vart lagt ned krans ved minnesmerket. Heimevernet deltok i markeringa, som fekk ei verdig og høgtideleg ramme.
Lom og Skjåk brass bidrog med musikalske innslag, og elev ved Lom ungdomsskule, Emilie Stenersen, framførte diktet «Dikt for presidenter» av Simon Stranger.
Sjå biletegalleri frå markeringa.