Vi avgrensar bruken av Facebook og Instagram

Lom kommune har mange følgjarar på Facebook og Instagram, og vi set stor pris på engasjementet og interessa for det som skjer i kommunen. Samtidig har vi som kommune eit ansvar for å ta vare på personvern, informasjonssikkerheit og at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle.

Meta sine plattformar, Facebook og Instagram, har fleire utfordringar som gjer dei mindre eigna som kanal for offentleg informasjon: 

  • Det er ikkje kommunen som avgjer kven som får sjå innhaldet, og viktig informasjon kan derfor nå ulikt ut til ulike grupper. 
  • Mengda svindel, falske profilar og KI-generert innhald auka, noko som kan gjere det vanskelegare å vite kva informasjon ein kan stole på. 
  • Plattformane byggjer på omfattande innsamling av brukardata. 
  • Meta innfører nå betaling for Facebook-sider som ynskjer å publisere meir enn to lenker i månaden. Lom kommune kjem ikkje til å betale for å dele lenker på Facebook.

For oss er det viktig at innbyggjarane kan finne informasjon frå kommunen i kanalar vi sjølve eig og forvaltar, og der vi har større kontroll over både innhald, personvern og tilgjengelegheit. Desse forholda har vore viktige i vurderinga av korleis kommunen skal bruke sosiale medium framover.

Lom kommune si nettside har alltid vore den viktigaste informasjonskanalen vår. Alle nyheiter, kunngjeringar og viktig informasjon har vore publiserte her, uavhengig av sosiale medium. Slik vil det også vere framover.

Etter ei samla vurdering har vi derfor bestemt at vi gradvis vil avgrense bruken av Facebook og Instagram. Samtidig arbeider vi med å utvikle og ta i bruk andre digitale løysingar som kan gjere det enklare å finne informasjon, halde seg oppdatert og ha kontakt med kommunen gjennom våre eigne kanalar.

Målet er ikkje å gjere informasjon mindre tilgjengeleg, men tvert imot å sikre at viktig informasjon frå kommunen er lett å finne, trygg å bruke og tilgjengeleg for alle.

Lurar du på kva som skjer i kommunen? Følg med på Friskus!