Vil du vere med å lage eit kunstverk?

Ei spennande moglegheit for barn og unge i Norddalen frå 6. klasse til og med 3. vgs! Saman med kunstnar Marit Benthe Norheim vil unge norddølar skape ein kunstinstallasjon med betong, teikning og glas på Refleksjonshuset på Lesja søndag 7. juni. Meld deg på innan 29. mai!

Gratis kunstworkshop for unge i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk

  • For 6. trinn - 3. vgs. 12 ledige plassar
  • Søndag 7. juni, kl. 10:00 - 13:00
  • På Refleksjonshuset på Lesja


Påmelding innan 29. mai 

Fyll ut påmeldingsskjema her

Om workshopen

Saman med Marit Benthe Norheim vil deltakarane bruke byggematerial som betong, saman med teikning og glas som kunstnerisk medium. Kvar deltakar lager eit individuelt objekt med ei tilhøyrande tekst. Dei individuelle arbeida blir sett saman til ein heilskap og dette verket blir ein installasjon som vil vandre i våre nærområde.

Lunsj er inkludert!

Det vil vere åpen kafé, og moglegheit for å gå seg små turar på området for dei som ventar. Det er også mogleg å ta ein prat med Claus Ørntoft - skaparen av kunstverket Cockpit.

Om Marit Benthe Norheim

Marit Benthe Norheim (f. 1960) er norsk, men bur og arbeider i Danmark. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen og Royal Academy of Art i London, og har gjennom ei årrekke utvikla eit omfattande kunstnarskap med offentlige prosjekt, utstillinger og undervising i ei rekke land.

Om Refleksjonshuset

Refleksjonshuset ligg på garden Ner-Siem vest for Lesja sentrum. Visjonen til Steg for Steg, som held til på Refleksjonshuset, er å skape resultat gjennom refleksjon. Dei tilbyr skreddersydde kurs for ulike grupper, og bruker dei vakre omgivnadane rundt garden aktivt i sin drift.

Om Dovre og Lesja Kunstforening

Dovre og Lesja kunstforening vart stifta i 2009, og er ei foreining med omlag 90 medlemmer. Dei arrangerer 4 utstillingar kvart år på Dombås hotell med profesjonelle kunstnarar frå heile Noreg. Det vert arrangert kunstturar til byar i nærleiken.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Dovre Lesja Kunstforening, Refleksjonshuset og Lesja og Dovre kulturskole. Dette arrangementet er støtta av Innlandet fylkeskommune, Fjellbanken og Sparebankstiftelsen DNB.