Gjennom portalen kan du logge inn med BankID og finne relevant informasjon – samla på eitt sted.
Kva finn du i Min Eiendom?
Når du er innlogga, får du tilgang til opplysningar som mellom anna:
- kart som viser eigedomen
- eigedomsgrenser og areal
- bygningar og adresser
- kommunale gebyr knytt til eigedomen
Gjennom løysinga har du også moglegheit til å melde frå til Lom kommune dersom det er noko du ønskjer å ta opp eller gi tilbakemelding om.
Dette er dei same opplysningane som ligg til grunn for kommunen si saksbehandling og tenesteyting.
Tilgjengeleg heile døgnet
Min Eiendom er tilgjengeleg heile døgnet, og kan brukast på mobil, nettbrett og datamaskin. Det gjer det enkelt å hente fram informasjon når det passar deg.
Gå til Min Eiendom
Innsyn og eigenregistrering
I februar 2026 lanserte Kartverket ei ny teneste for innsyn og eigenregistrering i eigedomsregisteret (matrikkelen). I den samanheng vil nokre eigarar og festarar få melding om å sjå over opplysningane som er registrerte.
Dersom du får ei slik melding, kan du:
- sjekke opplysningane om eigedomen din
- melde frå dersom noko ikkje stemmer
Ordninga er frivillig, og skal bidra til at opplysningane blir så riktige som mogleg.
Kvifor kan dette vere nyttig?
For mange kan det vere nyttig å sjå kva som ligg registrert – til dømes før ein byggesøknad, ved spørsmål om gebyr, eller dersom ein vurderer å selje eigedom.
Å ha oversikt over eigedomen sin kan også gi ei ekstra tryggleik i kvardagen, og gjer det enklare å finne fram til rett informasjon når ein treng det.
Les meir