60% stilling i heimebasert omsorgHeimebasert omsorg i Lom Kommune har ledig 60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp). Stillinga er fortrinnsvis for helsefagarbeidarar, men ufaglærte med relevant erfaring oppmodast til å søkje. Søknadsfrist: 01.02.2026Aktuelle arbeidsoppgåverSikre brukaren praktisk bistand etter vedtak, ved å bistå med å dekkje viktige behov brukaren ikkje er i stand til å ta i vare. Som til dømes naudsynt reinhald av opphaldsrom i bustad, oppvask/klesvask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj. Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv og kan bu og trivast lengst mogleg i eigen heim. Nytte journalsystemet Profil/mobil omsorg som eit dageleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging/ utføring av oppgåver, og dokumentasjonFølgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeidKvalifikasjonarVi ser fortrinnsvis etter offentleg godkjent helsefagarbeidar, men søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning kan bli vurdert. Opplæring vil bli gjeve ved behov. Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ei slik utdanning, til å søkje. Vi ser etter deg med følgande kvalifikasjonar: har erfaring frå likande arbeidhar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg har godkjent politiattesthar førarkort klasse BVi ynskjer at du: er trygg, fleksibel, og motiverter ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktigevnar å arbeide både sjølvstendig og i teamhar gode kommunikasjonsevnerhar stor interesse for faget, og brenn for fagutviklinghar endringsvilje og er ein lagspelar vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar vektleggast for stillinga.Vi tilbyr60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp). Stillinga er ledig frå dags dato, og med oppstart etter avtale.Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med, for tida, dagtisdarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp). Stillinga kan for kvalifisert helsefagarbeidar aukast til 75% fast stilling med arbeid kvar 3. helg i turnus i heimesjukepleia. Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde. Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.Andre opplysningarLøn etter avtaleKommunale tilsettingsvilkårVed interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøkar blir ledige, og tilsetting vil da skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillingaAktuelle søkjarar blir kalla inn til intervjuOppstart: Etter avtaleSøknadsfrist: 1. februar 2026Send inn søknad Namn på søkjarar vil bli gjort offentlegVi ser fram til å høyre frå deg! Sist endret 12.01.2026 12.40