Heimebasert omsorg treng tilkallingsvikararVi søkjer etter deg som er sjukepleiar, helsefagarbeidar, vernepleiar, under helserelatert utdanning eller ufaglært med eller utan erfaring. Førtløpande tilsetting.Heimebasert omsorg består av avdelingane heimesjukepleie, praktisk bistand (heimehjelp) og dagsenter for heimebuande med hukommelsesvanskar.Heimesjukepleia Yter helsehjelp til brukarar i eigen heim med mål om å dekke grunnleggande behov ved å tilpasse bistand etter faglege vurderingar. Tenesta gjev bistand til personleg stell og omsorg, ernæring, tilsyn, administrering av medikament, sårbehandling, med meir. Tenesta er organisert i 3-delt turnus, med arbeid på dag, kveld og natt.Praktisk bistand (heimehjelp) Gjev brukarar bistand til naudsynt reinhald av eigen heim. Nokre kan og trengje hjelp til stell og personleg hygiene.Tenesta er organisert på dagtid, vekedagar.Dagsenter for heimebuande med hukommelsesvanskar Er eit førebyggjande tiltak, med mål om at brukarane skal oppretthalde sine fysiske, psykiske og sosiale funksjonar.Dagsenteret er ope 3 dagar i veka på dagtid.KvalifikasjonarRelevant utdanning og/eller erfaring vil bli vektlagt, i tillegg til personleg eignaheit.Det er krav om politiattestFørarkort klasse BGode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Høyrest dette spennande ut?Tilsetting skjer fortløpande. Skriv i søknaden kva for avdeling du ynskjer vera tilkallingsvikar.Send søknad Sist endret 04.03.2026 10.00