Helsefagarbeidar hjå tilrettelagte tenesterEin dyktig kollega går av med pensjon, difor søkjer tilrettelagte tenester helsefagarbeidar i fast 60% stilling. Søknadsfrist: 30.01.2026Ynskjer du faglege diskusjonar, gode kollegaer og ein meiningsfull arbeidskvardag? Da er du hjarteleg velkomen til å søke jobb hjå oss! Tilrettelagte tenester yter tenester til brukarar med ulike bistandsbehov, og vi legg vekt på individuell tilpassing med fokus på brukarane sine behov og ynskje.Stillinga inneber i utgangspunktet 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.Ved interne endringar kan det vere moglegheit for auka stillingsprosent etter tilsetting.ArbeidsoppgåverMiljøarbeid og oppfylging i tråd med brukarane sine behov og ynskje, lovverk, vedtak og fagleg forankring.Ansvar for opplegg og gjennomføring av dagtilbod/arbeid/opplæring hjå tenestemottakar.Vi tilbyrGodt arbeidsmiljøEin variert arbeidskvardagRettleiing og tett samarbeid med kollegaerKvalifikasjonarUtdanning som helsefagarbeidarVi vektlegg personleg eignaheitGode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegDet er krav om politiattest og førarkort på bilVi ser etter ein kollega med gode samarbeidsevner, som og kan arbeide sjølvstendig. Det er viktig for oss at du reflekterer over eigen veremåte og ber om råd og rettleiing når du møter utfordringar.Oppstart: 1.april 2026 Søknadsfrist: 30. januar 2026Send inn søknadNamnet på søkjarar vil bli gjort offentlegVi ser fram til å høyre frå deg! Sist endret 12.01.2026 10.11