Du viser god rolleforståing og er ein kulturbyggjar som bidreg til å skape stoltheit i organisasjonen og eit godt samspel mellom administrasjon, politikk, innbyggjarar, organisasjons- og næringsliv i kommunen og regionen. Kommunen har fleire spennande utviklingsprosjekt på gang, og både tilsette, politikarar og innbyggjarar viser stort engasjement for å skape vidare utvikling.
Ansvarsområde
- Kommunedirektøren har det overordna administrative ansvaret i kommunen
- Byggje vidare på ein felles kultur for inkludering og samskaping, både internt og eksternt
- Utvikle og implementere strategiar for å styrkje kommunen si posisjon som ein attraktiv kommune å bu og arbeide i og som tiltrekk seg nye innbyggjarar, næringsdrivande og tilreisande
- Sørgje for god økonomisk styring og måloppnåing
- Leie utviklingsprosjekt og leggje til rette for samhandling på tvers av einingar
- Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
- Sikre høg kvalitet på våre tenester, god kommunikasjon og service til innbyggjarane
- Vidareutvikle interkommunalt og regionalt samarbeid
- Leie partssamarbeidet med dei tilsette sine representantar
- Gjennomføre en OU prosess i kommunen
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Brei leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
- Relevant høgare utdanning. Lang og brei leiarerfaring kan kompensere for kravet
- God økonomiforståing
- Du er ein samlande og tydeleg leiar som evnar å motivere, inspirere og inkludere
- Erfaring og kompetanse frå endringsprosessar og strategisk arbeid og OU prosesser
- Innsikt i offentleg verksemd og forståing for politiske prosessar og samspelet mellom administrasjon og politikk.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Lom kommune gir deg høvet til å vere med på å forme framtida. Vi kan tilby ei utfordrande og spanande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i vidare utvikling av kommunen. Løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknadsfrist 11. februar
Du søkjer via Fremogruppen sine nettsider.
For spørsmål, kontakt ordførar Kristian Frisvold, 414 41 090, e-post: Kristian.Frisvold@lom.kommune.no eller Hege Svendsen hos FREMO Rekruttering, tlf. 905 87 920, e-post: hege.svendsen@fremogruppen.no
Alle førespurnader til FREMO Rekruttering blir handsama konfidensielt, òg overfor oppdragsgjevar dersom ønskjeleg, i den innleiande fasen.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om ein søkjar har bedt om å få namnet sitt unnateke frå den offentlege søkjarlista. Søkjarar som ikkje får innvilga si førespurnad om å bli unnateke offentlegheit, vil få varsel om dette og få mogelegheit til å trekkje deg frå prosessen.