Ledig stilling som kokk med fagbrev / kjøkenhjelp på Lom helseheim

Frå 01.03.2026 er det ledig ei 100% fast stilling som kokk med fagbrev / kjøkenhjelp på kjøkenet ved Lom helseheim. Søknadsfrist: 05.01.2026.

Kjøkenet på Lom helseheim er ikkje berre ein stad for matlaging, men også ein viktig del av fellesskapet, der mat og omsorg går hand i hand for å skape ein god og meiningsfull kvardag for bebuarane.

Arbeidsoppgåver

  • tilberede måltid til institusjon, dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom, matombringingstenesta og elles aktivitetar på institusjon
  • kantine- og cateringverksemnd

Dagvakter med arbeid 4. kvar helg.

Vi ser etter deg som: 

  • er kokk m/fagbrev eller har relevant kompetanse
  • initiativrik, har engasjement og erfaring med matlaging 
  • personleg eigna for stillinga
  • har godt humør, evne til å skape god relasjonar og godt samarbeid, er fleksibel og kan jobbe godt i team og sjølvstendig
  • har grunnleggjande datakunnskapar

Du må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag- og brukarfokus og stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.

Les meir om kjøkenet på Lom helseheim

Er du den vi søkjer etter? 

Send inn ein søknad innan 05.01.2026!

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Gå til søknadsskjema 

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
  • Søknadsfrist: 05.01.2026.