Lyst på ein variert og meiningsfull sommarjobb i Lom?

Lom legekontor søkjer engasjerte ferievikarar for helsesekretærane i vekene 27–31. Søknadsfrist: 28.02.2026.

Hjå oss får du ein spanande og hektisk arbeidskvardag, der du blir ein viktig del av eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og gir verdifull erfaring frå primærhelsetenesta.

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer deg som er:

  • serviceinnstilt og imøtekomande
  • fleksibel og løysingsorientert
  • trygg i møte med pasientar og kollegaer

Vi søkjer primært deg med helsefagleg bakgrunn, til dømes helsesekretær, sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Studentar og ufaglærte med relevant praksis er òg hjarteleg velkomne til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Telefon og ekspedisjon
  • Post- og journalarbeid
  • Laboratorie- og skadestuearbeid
  • Assistere legar ved behov

Vi kan tilby

  • Ein lærerik og meiningsfull sommarjobb
  • God opplæring og tett samarbeid i team
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale

Er dette noko for deg? Da vil vi gjerne høyre frå deg! 

Send inn ein søknad innan 28.02.2026. 

Hugs å opplyse i søknaden kva for tidsrom du kan arbeide. 

Det er krav om politiattest

Gå til søknadsskjema