Sjukepleiar 80-100% fast stilling i heimebasert omsorg

Pleie- og omsorgsavdelinga søkjer etter sjukepleiar i 80-100% fast stilling i heimebasert omsorg, avdeling heimesjukepleia. Søknadsfrist 01.02.2026

Har du stor interesse for faget, og ønskjer å jobbe i eit fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø? Da er du hjarteleg velkomen til å søkje jobb hjå oss!

Heimebasert omsorg er eit tilbod til dei som treng hjelp og støtte for å kunne bu heime lengst mogleg. Tenesta blir tilpassa deira behov, og kan omfatte både praktisk hjelp, helsehjelp og oppfølging.

Arbeidstid: Etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid for tida kvar 3. helg. Det kan ved turnusendringar i avdelinga blir moglegheit for langvakter kvar 4. helg.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Utføre god og fagleg forsvarleg sjukepleie ved behandling og oppfølging av pasientar og pårørande, i tråd med gjeldande lovverk, forskrifter og kvalitetskrav.
  • Vere tenesteansvarleg for ei gruppe pasientar etter primærkontaktsystemet, samt arbeid knytt til oppfølging av dette ansvaret.
  • Følgje rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid.
  • Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdelinga og tverrfagleg.
  • Vere vaktansvarleg sjukepleiar på enkelte turnusvakter, samt utføre oppgåver knytt til dette.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Ha rettleiingsansvar overfor kollegaer og studentar.
  • Nytta journalsystemet Profil/Mobil omsorg som dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging, utføring av oppgåver og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar.
  • Erfaring frå liknande arbeid.
  • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B og godkjent politiattest.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi ser etter deg som

  • Er trygg, fleksibel, positiv og motivert.
  • Er strukturert og målretta, og god til å planleggje og prioritere.
  • Er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig.
  • Evnar å arbeide godt både sjølvstendig og i team.
  • Har stor interesse for faget og brenn for fagutvikling.
  • Har gode kommunikasjonsevner.
  • Har endringsvilje og er ein lagspelar.
  • Ønskjer å vere med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgd
  • Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass
  • Fagmøtetid i turnus
  • Høgt fagleg nivå på tenestene, med kontinuerleg fokus på fag, kvalitetsforbetring og brukartryggleik

Høyrest dette spenndande ut?

Oppstart: etter avtale
Søknadsfrist: 01.02.2026

Send søknad

Navnet på søkjarar vil bli gjort offentleg

Vi ser fram til å høyre frå deg!

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Ved interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøkar bli ledige, og tilsetjing vil då skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga