Tilrettelagte tenester søkjer helsefagarbeidarI tilrettelagte tenester er det ledig ei fast 100% stilling som helsefagarbeidar.Trivst du med faglege diskusjonar, gode kollegaer og ein meiningsfull arbeidskvardag? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje jobb hjå oss!Tilrettelagte tenester yter tenester til brukarar med ulike bistandsbehov, og vi legg vekt på individuell tilpassing med fokus på brukaren sine behov og ynskje.Stillinga inneber i utgangspunktet tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.Ved interne endringar kan det vere moglegheit for auka stillingsprosent etter tilsetjing. Søknadsfrist 11.03.2026ArbeidsoppgåverMiljøarbeid og oppfølging i tråd med brukarane sine behov og ynskje, lovverk, vedtak og fagleg forankringAnsvar for opplegg og gjennomføring av dagtilbod, arbeid og opplæring hjå tenestemottakarKvalifikasjonarUtdanning som helsefagarbeidarVi legg vekt på personleg eignaheitGode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegDet er krav om politiattest og førarkort klasse BVidare ser vi etter ein kollega med gode samarbeidsevner, men som og kan arbeide sjølvstendig. Det er viktig for oss at du reflekterer over eigen veremåte og ber om råd og rettleiing når du møter utfordringar. Vi tilbyrGodt arbeidsmiljøEin variert arbeidskvardagRettleiing og tett samarbeid med kollegaerHøyrest dette spennande ut?Oppstart: 01.05.2026Søknadsfrist: 11.03.2026Send søknadNamnet på søkjarar vil bli gjort offentleg. Sist endret 20.02.2026 15.18