Vi søkjar reinhaldar - 60% fast stilling

Vil du bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnader i Lom kommune? Søknadsfrist: 07.10.2026

Reinhald er ein viktig del av tenestene i kommunen og har mykje å seie for helse, trivsel og eit godt inneklima. Vi søkjer deg som er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert, og som ønskjer å bidra til gode omgjevnader for alle som bruker bygga våre.

Vi har ledig ei fast 60 % stilling som reinhaldar. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom og får ein variert arbeidskvardag i dei kommunale bygga.

Arbeidsoppgåver

Du vil utføre reinhald i mellom anna skular, barnehagar og andre kommunale lokale. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • dagleg og periodisk reinhald og hovudreinhald etter gjeldande rutinar og kvalitetskrav
  • bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og -materiell
  • bidra til eit godt inneklima og eit triveleg miljø for brukarar og tilsette

Vi ser etter deg som

  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • er fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg
  • samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • møter kollegaer og brukarar på ein inkluderande og profesjonell måte
  • er oppteken av kvalitet i arbeidet

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
  • Du har grunnleggjande digital kompetanse og kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Det er krav om godkjend politiattest.

Vi tilbyr

  • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Høyrast dette spennande ut?

Søknadsfrist: 07.10.2026

Oppstart: Etter avtale

Send søknad.

Velkomen som søkjar – vi ser fram til å høyre frå deg!

Strand med høgt gress. Utsikt mot Lom

Kvifor Lom?

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Vi har samla nokre gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Les meir

Lom kommune er i utvikling

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring. 

Utsikt mot Garmo, bilete tatt mellom furubusker