Vikarar til barnehagane i LomHar du lyst til å jobbe med barn og bidra til gode og trygge dagar i barnehagen? Barnehagane i Lom søkjer etter tilkallingsvikarar. Søknadsfrist: fortløpande.Som tilkallingsvikar jobbar du ved behov, til dømes ved sjukdom og anna fråvær. Du vel sjølv kva dagar du har høve til å ta på deg vakter.Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er positiv, påliteleg og trivst med å arbeide med barn. Som vikar deltek du i leik og aktivitetar, hjelper til med praktiske oppgåver og er ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna.Du treng ikkje relevant utdanning eller erfaring frå barnehage. Det viktigaste er at du har lyst, evne og høve til å arbeide med barn.Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med gjeldande krav.Du må levere politiattest før du kan starte.Høyrest dette spennande ut?Vi vurderer søknader og tilset vikarar fortløpande, så ikkje vent med å søkje!Send søkandVelkomen som søkjar - vi ser fra til å høyre frå deg! Sist endret 25.08.2026 10.14