Vikarar til skulane i Lom

Loar skule søkjer etter vikarar for skuleåret 2026-2027. Søknadsfrist: fortløpande.

Vi søkjer deg som er lærar, barne- og ungdomsarbeidar, student, assistent, har anna relevant utdanning eller erfaring i arbeid med barn og unge.

Vi søkjer deg som kan jobbe deltid og deg som ønskjer å vere tilkallingsvikar. 

Relevant utdanning og erfaring frå skule vil bli vektlagt, i tillegg til personleg eignaheit.

  • Krav om politiattest.
  • Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Høyrest dette spennande ut?

Tilsetting skjer fortløpande, så ikkje vent med å søke!

Send søknad

Velkomen som søkjar - vi ser fram til å høyre frå deg!

Strand med høgt gress. Utsikt mot Lom

Kvifor Lom?

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Vi har samla nokre gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Les meir

Lom kommune er i utvikling

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring. 

Utsikt mot Garmo, bilete tatt mellom furubusker