Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom?

Lom kommune søker ein engasjert og inkluderande fagarbeidar/assistent til barnehagane våre. Vi ønskjer oss ein person som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen. 

Søknadsfrist: 9. juni

Kven ser vi etter?

Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte, og har eit godt blikk for det enkelte barnet sine behov. Du kan arbeide sjølvstendig, men trivst også med å vere ein del av eit lag. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg aktivt til eit trygt og inkluderande miljø.

Vi ønskjer at du:

  • er til stades og oppmerksam i møte med barn og kollegaer
  • tek ansvar og jobbar godt på eiga hand
  • samarbeider godt og viser fleksibilitet
  • bidreg til eit trygt og inkluderande miljø i barnehagen
  • skaper gode og tillitsfulle relasjonar
  • er opptatt av fagleg utvikling

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på. 

Kvalifikasjonar

  • Fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning

Om stillinga

  • 100% mellombels stilling, med moglegheit for fast tilsetting
  • Det kan også vere aktuelt å søkje på delar av stillinga

Om barnehagane våre

Lom kommune har to kommunale barnehagar, Garmo og Loar. Vi samarbeider tett, og personalressursane blir sett samla. 

Garmo barnehage

Ligg om lag 15 km aust for Lom sentrum, i tidlegare Garmo skule. Barnehagen har tre avdelingar, romslege lokale, eigen gymsal og eit stort uteområde med skog og natur tett på.

Loar barnehage

Ligg sentralt i Lom, ved barneskulen og Presthaugen. Barnehagen har fire avdelingar og gode moglegheiter for leik og læring både inne og ute – med naturen og friluftsmuseet Presthaugen som næraste nabo.

Praktisk informasjon

  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju
  • Namn på søkjarane vil bli gjort offentlege
  • Gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) må leggjast fram før tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit triveleg, inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
  • Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane i kommunen med fokus på kompetanseheving.
  • Tariffesta løns- og pensjonsvilkår.
  • Vakre omgjevnader i ei fjellbygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv

Høyrest dette spennande ut?

Søknadsfrist: 9. juni 2026

Send søknad

Vi ser fram til å høyre frå deg!