Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom?

Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen. Søknadsfrist: 16.09.2026.

Kven ser vi etter?

Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.

Vi ønskjer at du:

  • er til stades og oppmerksam i møte med barna
  • er omsorgsfull, trygg og tydeleg
  • tek ansvar og initiativ i kvardagen
  • samarbeider godt med føresette og kollegaer
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
  • er interessert i fagleg utvikling

Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.

Vi ønskjer også at du:

  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
  • Leggje til rette for leik, læring og utvikling
  • Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar
  • Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen

Om barnehagane våre

Lom kommune har to kommunale barnehagar, Garmo og Loar. Vi samarbeider tett, og personalressursane blir sett samla.

Garmo barnehage

Garmo barnehage ligg om lag 15 km aust for Lom sentrum, i tidlegare Garmo skule. Barnehagen har tre avdelingar, romslege lokale, eigen gymsal og eit stort uteområde med skog og natur tett på.

Loar barnehage

Loar barnehage ligg sentralt i Lom, ved barneskulen og Presthaugen. Barnehagen har fire avdelingar og gode moglegheiter for leik og læring både inne og ute, med naturen og friluftsmuseet Presthaugen som næraste nabo.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Tariffesta løns- og pensjonsvilkår
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen

Praktisk informasjon

  • Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
  • Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk

Høyrest dette spennande ut?

Søknadsfrist: 16. oktober

Oppstart: Etter avtale

Send søknad

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Strand med høgt gress. Utsikt mot Lom

Kvifor Lom?

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Vi har samla nokre gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Les meir

Lom kommune er i utvikling

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring. 

Utsikt mot Garmo, bilete tatt mellom furubusker