Vil du vere med og skape gode dagar for andre?

I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer. Søkandsfrist: 09.08.2026

Nå har vi ledig to faste stillingar som fagarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.
  • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.
  • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.
  • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
  • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.

Vi ser etter deg som

  • Er raus, positiv og engasjert.
  • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.
  • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.
  • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.
  • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.

Kvifor velje oss?

Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.

Vi tilbyr:

  • To faste stillingar i 100 %.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.
  • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.

Turnusarbeid. Stillingane har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.

Høyrest dette spennande ut?

Søknadsfrist: 09.08.2026

Oppstart 01.10.2026 – moglegheit for å starte før om ynskjeleg. 

Send søknad

Velkomen som søkjar - vi ser fram til å høyre frå deg!

Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Strand med høgt gress. Utsikt mot Lom

Kvifor Lom?

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Vi har samla nokre gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Les meir

Lom kommune er i utvikling

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring. 

Utsikt mot Garmo, bilete tatt mellom furubusker