Historia bak Kulihaugen

Namnet Kulihaugen

"Kulihaugen var eit idyllisk, lite skogholt mellom Øvre Grindåkeren og Eggjasletta" skriv Julie Øyjordet i Heim og Bygd (2022). 

Området vi i dag kallar for Kulihaugen er jordområder som tidlegare heite Øvre og Nedre Grindåker og Eggjasletta, og tilhøyrde Prestegarden i Lom. Skogholtet som vart kalt for Kulihaugen låg mellom Øvre Grindåker og Eggjasletta. Gjennom Kulihaugen gjekk det ein bil/kjerreveg som leda opp til Gamlevegen og grenda som låg der.

I fylgje leiar av Lom heimbygdslag Gaute Helland kjem namnet Kulihaugen truleg frå ku-lie. Altså var dette eit beiteområde for mellom anna kyr. Haugen kjem frå at dette var eit skogholt, som kanskje låg oppå ein liten forhøgning i terrenget.

Flyfoto av Lom frå 1958. Det er områda med tala 1, 2 og 3 som no vert omtala som Kulihaugen. Opprinneleg var det skogholtet mellom desse som vert kalla Kulihaugen. - Klikk for stort bildeFlyfoto av Lom frå 1958. Det er områda med tala 1, 2 og 3 som no vert omtala som Kulihaugen. Opprinneleg var det skogholtet mellom desse (innsirkla) som vart kalla Kulihaugen. Skjermdump, Lom kommune

1: Eggjasletta

2: Øvre Grindåkeren

3: Nedre Grindåkeren

4: Prestegarden

Kjelder:

Heim og bygd, Lokalhistorie frå Lom (2022), kapittel "Frå Nordgard Stamstad til Lom prestgard, mai 1940" av Julie Øyjordet. Utgjevar: Lom Heimbygdslag

Samtaler med Gaute Helland, Lom heimbygdalag