Kvifor Lom?

Vi har samla eit knippe gode argument for kvifor du bør ta steget og flytte til Lom.

Utsikt over Lom frå Lomseggen - Klikk for stort bildeUtsikt over Lom frå Lomseggen Frys Film

2212 sambygdingar

I Lom er vi rundt 2212 innbyggjarar, og vi har plass til fleire! Vi set stor pris på at det kjem nye folk til bygda.

1945 km2 med boltreplass

Det er sjeldan ein treng å gå i kø i Lom (bortsett frå midt i sumarsesongen kanskje...). Truleg finn du ditt favoritt-turområde der du kan vere heilt i fred, viss du ynskjer det.

90% over 900moh

Med fleire av landets høgaste fjell kan Lom kalle seg Noregs høgaste kommune. Vi har heile 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 m.o.h.!

Nasjonalparkkommune

Lom kan med god grunn kalle seg nasjonalparkkommune med heile tre nasjonalparkar (Breheimen, Reinheimen og Jotunheimen). 60% av arealet i kommunen er verna.

Nasjonalparklandsby

Fossbergom (Lom sentrum) har sidan 2008 smykka seg med (den nokså sjeldne) tittelen nasjonalparklandsby

Kvardagsfriluftsliv

Bur du i Lom er det kort veg til både høgfjell og lågland. Det er fullt mogleg å ta seg ein skitur rett etter arbeid, eller ta med familien på ein lågterskel bærtur heilt i nærleiken.

Barnehagar med toppscore

Det er to barnehagar i kommunen; Garmo og Loar. Begge scorer høgt i undersøkingar for tilfredsheit blant foreldre.

Eit godt oppvekstmiljø

I Lom er det trygt og godt å vekse opp. Skule- og fritidstilbod er i stor grad sentrert på Fossbergom, med korte avstander mellom skule, idrettsanlegg, bibliotek, ungdomsklubb osv. 

Eit framifrå biblitek

Lom folkebibliotek er hjartet i bygda, og har tidlegare vorte kåra til årets bibliotek. To trivelege damer tek deg varmt i mot, og gjev gjerne bort eit boktips eller to. Ta med boka eller PC-en og slapp av i deira nye bokkafé! 

Prøvesitt kontorplass

Vil du teste ut det å arbeide frå Lom? Det er mogleg å få støtte til plass i kontorfellesskap på inntil 10 000 kr. Les meir om ordninga her.

Eit levande sentrum

På Fossbergom finn du eit rikt utvalg av kaféar, restauranter og butikkar - både i og utanom sommarsesongen. Her kan du eta både lunsj og middag ute om du vil det.

Eigenart

Lom er bygda som likar å gå sine eigne vegar. Her finn du lange tradisjonar innanfor musikk, dans, handverk, byggjeskikk, landbruk og matstell.