Kulihaugen

Kulihaugen er eit område i sentrum av Lom som skal utviklast til eit nytt og mangfaldig bustadområde. Målet er at Kulihaugen kan bli ein attraktiv stad å busetje seg både for unge tilflyttarar og for eldre som ynskjer ein tilpassa bustad nær sentrum og ulike tenestetilbod.

Nytt og mangfaldig bustadområde i sentrum av Lom

Lom sentrum, men pil på området Kulihaugen - Klikk for stort bildeKulihaugen (pil) ligg sentralt til i Lom. I framkant ligg Lomskyrkja, Drengestugu og Nordal turisthotell.

I likheit med fleire andre distriktskommunar har Lom utfordringar knytt til bustadmangel og demografi. Bustadmarknaden i Lom er lite aktiv, og det er få bustader tilgjengeleg for både utleige og salg. Det er og eit stort behov for bustader til sesongarbeidarar i sommarhalvåret, som er høgtid for turisme i Lom. I tillegg vil det dei kommande åra bli endringar i befolkningssamansetninga. Andelen eldre i befolkninga vil auke, og folketalet i Lom generelt går ned. 

Gjennom innovasjonsprogrammet GNIST fekk Lom kommune i 2022 hjelp til å utvikle Kulihaugen. Dette er eit område som ligg svært sentralt til med kort veg til mellom anna butikkar og serveringsstader, helse- og omsorgstenester, skule/barnehage og Utgard/vidaregåande skule. Resultatet av GNIST-prosjektet vart ein rapport som omfattar eit forslag til korleis bustadområdet skal sjå ut. Intensjonen med bustadane på Kulihaugen er at dei skal vere tilpassa ulike typer målgrupper, samtidig som ei skal vere attraktive for både unge nyetablerte og for godt vaksne/eldre. Les meir om Målgrupper for Kulihaugen.

Kulihaugen-området har to eigarar. Opplysningsvesenets fond (OVF) eig den nedre delen nærmast riksvegen og Lom kommune eig den øvste delen nærmast helseheimen og Eggjalie.

Området er endå ikkje regulert. Fylg med på planprosessen under Framdrift.

Tunbebyggelse

I den skisserte planen tar bebyggelsen på Kulihaugen utgangspunkt i tunprinsippet. Det betyr at bustadane ligg samla i tre tun, og rammar inn fellesområder slik som til dømes hage og leikeplass for dei minste. Tunprinsippet legg til rette for sosiale møteplassar og sambruk av areal. Det er óg forslag om eit mikrohus-tun for mobile mikrohus tilknytta eit felleshus/servicebygg. Her er planen at ein kan busette sesongtilsette i sommarhalvåret, og bruke arealet til andre føremål resten av året.

Illustrasjon av forslag for utforming av Kulihaugen - Klikk for stort bildeIllustrasjon av forslag for utforming av Kulihaugen

Bustadane 

I den skisserte planen for Kulihaugen er det satt nokre hovudprinsipp for bustadane. Bebyggelsen på Kulihaugen skal tilpassast ulike brukargrupper, og bestå av bustadar for heile livsløpet. Det vil si at storleik og bustadtype varierer for å skulle passe til ulike behov. Til dømes vil kanskje eit eldre ektepar ha alt samla på eitt plan, medan ein småbarnsfamilie treng meir areal over to plan. 

Andre prinsipp i rapporten er at bustadane skal ha utsikt til natur og fjell, samt gode solforhold. Dei skal helst byggjast på ein miljøvennleg måte, gjerne med kortreiste og gjenbrukte materialer. Detaljplanlegging av bustadane blir gjort seinare i prosessen.

 

Forslag til ulike bustadmodellar - Klikk for stort bildeForslag til ulike bustadmodellar

Om GNIST

GNIST er eit innovasjonsprogram i regi av DOGA (Design og Arkitektur Norge) og den ideelle organisasjonen Nordic Edge. Lom var éin av elleve distriktskommunar som i 2022 fekk jobbe med stads- og næringsutvikling gjennom innovasjonsprogrammet GNIST. 

Problemstillinga til Lom var korleis ein kunne utvikle bustadfeltet Kulihaugen til eit attraktivt og mangfaldig bu-miljø som ruster kommunen for framtida.

Gjennom ein anbodskonkurranse var det aktørane Haugen/Zohar arkitekter, Natural State, Birk&Co og Haavind som vart valt ut som samarbeidspartnarane for Kulihaugen-prosjektet. Les meir om samarbeidspartnarane her.

I dette arbeidet vart det gjennomført ein brei medverknadsprosess, der aktørane samla innspel frå ulike bruker- og målgrupper. Resultatet vart ein sluttrapport som danna grunnlaget for det vidare arbeidet med Kulihaugen.

Her kan du lese rapporten Attraktive og bærekraftige boliger i Lom. Du finn og ein stuttversjon her.

Lurer du på kvar Kulihaugen-namnet kjem frå? Les om historia bak Kulihaugen her.

Artikkelliste