Oppdatering 20. april kl. 12:30
1) Dersom de ynskjer å låne bøker eller anna materiale som vi ikkje har i Lom, og det er tilgjengeleg i nabobiblioteka, oppmodar vi lånarar til å oppsøkje biblioteka i Skjåk og Vågå. Vi kan hjelpe dykk å sjekke om materialet er inne der og informere om opningstidene.
Elles har biblioteka i Lom og Skjåk fått på plass ei midlertidig transportordning, slik at lånarar som ikkje har høve til å hente i Skjåk sjølve, kan få materialet levert her.
2) Vi kan låne inn bøker frå Nasjonalbiblioteket, men de må rekne med forlenga leveringstid på desse. Bøkene må bestillast via biblioteket. Private lånarar kan per i dag ikkje nytte bibsok.no
3) Vi oppmodar lånarar til å levere attende bøker og anna materiale som er lånt frå andre bibliotek, innan fristen. Purringar blir sende ut som før.
4) Til bibliotek: Vi ser med velvilje på å forlenge lånetida på materiale som er lånt ut til andre bibliotek. Vi sender purringar, men vi sender ikkje erstatningskrav i denne perioden.
Vi kjem attende med meir informasjon så fort vi veit noko meir.
Status 20. april kl. 09:00
Vi må dessverre stenge fjernlånstenesta vår for ei stund. Det betyr at biblioteket og private lånarar ikkje kan låne inn bøker frå andre bibliotek. Dette er på grunn av at NBT, Norsk bibliotektransport, er slått konkurs.
Konsekvensar
Konkursen får umiddelbare konsekvensar som vi prøver å løyse på best mogleg måte. Langsiktige konsekvensar er det for tidleg å seia noko om.
De som har materiale som er lånt inn frå andre bibliotek og der lånetida har gått ut, leverer materialet attende til biblioteket som før, eller de kan be om forlenga lånetid.
Meir informasjon
Vi kjem attende med meir informasjon så fort vi veit noko meir.