Fjernlånstenesta midlertidig stengtVi må dessverre stenge fjernlånstenesta vår for ei stund. Det betyr at biblioteket og private lånarar ikkje kan låne inn bøker frå andre bibliotek.Dette er på grunn av at NBT, Norsk bibliotektransport, er slått konkurs. KonsekvensarKonkursen får umiddelbare konsekvensar som vi prøver å løyse på best mogleg måte. Langsiktige konsekvensar er det for tidleg å seia noko om. De som har materiale som er lånt inn frå andre bibliotek og der lånetida har gått ut, leverer materialet attende til biblioteket som før, eller de kan be om forlenga lånetid. Meir informasjonVi kjem attende med meir informasjon så fort vi veit noko meir. Sist endret 20.04.2026 09.13