Vi tek oss ein prat med varehussjef Kjell Kristian Kleiven, og kollegaen hans Einar Marsteintrædet om livet på byggevarehuset (funfact: begge er tidlegare elevar av ordførar Kristian).
Kjell Kristian tok over som varehussjef etter Tina Turtum, og har no ansvar for både Otta og Lom. Avdelinga i Lom er eitt av totalt 26 varehus totalt og vart etablert i Lom attende i 2009. Rundt 70% av marknaden er til proffkundar (bedrifter etc.), mens resterande sal er til privatkundar. Her blir det solgt mykje trelast og maling i løpet av eit år!
Kjell Kristian og Einar er ærlege på at det er tøffare tider i bygg- og anleggsbransjen, og marginane er mindre. Totalt er dei 7 tilsette på avdelinga i Lom (5,5 årsverk), og butikken er eit av varehusa som har lykkast med å ha positivt resultat til tross for tøffare tider. Dette er dei stolte av, og dei er glade for alle utbyggingsprosjekt som bidreg til å skape aktivitet, som bygging av Lom helseheim, privatbustadar og ulike prosjekt hos andre næringsaktørar.
Takk for praten!
