Sidan 2004 har Ole Ragnar Repp stått i spissen for drifta, og dei siste åra har det skjedd mykje. Romma er oppgraderte, personalbustaden har fått eit løft, og verksemda framstår også i ny digital drakt. Dette har gjort Jotunheimen Fjellstue endå betre rusta til å møte forventningane til dagens gjester.
Fjellstova vart oppført i 1947, og i dag har Jotunheimen Fjellstue om lag 34 sengeplassar og tek imot gjester frå inn- og utland gjennom ein sesong som strekkjer seg frå påske til september. Jotunheimen Fjellstue deltek i både bedriftsnettverket i Lom og Norske Fjellstuer og Fjellhotell, og jobbar tett opp mot turoperatørar for å få fleire gjester til regionen. Ole Ragnar er ein av få som faktisk stikk innom mange av turoperatørane når han stikk på Interrail-tur! Han var også ein av som tok initiativ til studieturen i regi av Visit Jotunheimen, som har vorte så populær
Denne sommaren lanserer dei eit nytt aktivitetstilbod, da kjem det paddleboards / SUP til fjells, slik at det blir enda enklare å nyte livet ved vatnet. Fjellstova ligg elles ved foten av Loftet, ein topp på 2 172 meter over havet som kan nåast til fots - eller på ski - direkte frå døra. Vi gratulerer elles med Traveller's Choice-utmerking på Tripadvisor - takk for ein triveleg prat!