Det er ikkje vanskeleg å få auge på Krossbu turisthytte der ho ligg langs Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen, på veg opp mot Nord-Europas høgaste fjellovergang. – og med ein fantastisk utsikt mot Smørstabbtindane.
Bjarne, tidlegare ordførar i Lom, kjøpte Krossbu i 2017, og etter kvart kom også Lene for fullt inn i drifta. Sjølve Krossbu har ei langt eldre historie – turisthytta vart etablert i 1901 og er rekna som ei av dei eldste turisthyttene i landet.
Plassen er eit naturleg utgangspunkt for fjellsportentusiastar av mange slag, og vårsesongen her er noko heilt for seg sjølv. I barmarksesongen er det mogleg å gå vidare til mellom anna Skogadalsbøen, Sognefjellshytta og Fannaråken. I tillegg finst det ein kortare naturstig i området.
Sesongen varer til midten av september, og Krossbu tilbyr både rom med hotellstandard, enklare rom i annekset og høgfjellscamping. Den rullande badstua er også særs populær (sjå bilete)! Bad med utsikt..!
I tida framover er det særleg to ting som opptek vertskapet: dei store investeringane dei står framfor, og behovet for betre breibands- og mobildekning.
Med støtte frå mellom andre Statskog og Innovasjon Noreg, og gjennom stor eigeninnsats, er det planar om å byggje nytt inngangsparti tilpassa rullestolbrukarar, nye toalett, nytt varemottak, betre standard på annekset og eit løft for høgfjellscampingen.
Ei fast og føreseieleg løysing for opning av Sognefjellsvegen kvart år er sjølvsagt også viktig for å sikre god lønsemd i bedrifta.
Lykke til med satsingane, og takk for at vi fekk stikke innom!