Det er Rune og André i transportfirmaet SKS Transport som tek imot oss når vi stikk innom ein onsdagsmorgon, og næringssjefen får lært både det eine og det andre – mellom anna at det er fartsperre på store vogntog over 3 500 kg (ei såkalla toppfartsperre). Kjekt å vite!
Men attende til samarbeidet – det er viktig for dei, uavhengig av om det er med konkurrentar eller ikkje. Nettverket er stort, og mykje av kunnskapen er bygd opp gjennom mange år i bransjen.
SKS Transport heng tett saman med Ottadalen Mølle. Dei er den viktigaste kunden, dei held til i same bygning, og mølla er også inne på eigarsida i transportselskapet. Av den grunn er faktisk sommaren ei rolegare tid for SKS, fordi dyra treng mindre kraftfôr om sommaren enn om vinteren.
Glasopor i Skjåk er òg ein viktig kunde, og eit overordna mål for bedrifta er å unngå tomkøyring. Det er bra både for lønnsemda og miljøet dersom lastebilane køyrer med fulle lass begge vegar, så alle strekkjer seg langt for å få det til.
SKS Transport har i dag ni lastebilar i drift (eigne og innleigde), og dei er tydelege på at dette er ein bransje med relativt høg omsetning, men små marginar.
Dei er heldige som har stabile lastebilsjåførar som har vore med lenge. Samstundes er dei godkjend lærebedrift innan yrkessjåførfaget (Vg3) i Innlandet dersom det skulle oppstå behov for rekruttering. Dei er også medlem i Noregs Lastebileigar-Forbund (NLF) gjennom region Innlandet.
Gode og opne vegar er naturleg nok viktig for eit transportselskap, og det same gjeld stabile – og gjerne låge – dieselprisar og gode rammevilkår for transportnæringa generelt. Den rasutsette strekninga ved Rosten og Rv15 Otta-Måløy (inklusiv nye tunnelar) står høgt på lista over vegar med forbetringspotensial.
Maten må fram til dyra, året rundt.
Tusen takk for ein triveleg prat!