Bedriftsbesøk: Soleggen fjellstue

Tenk å få vere på leirskule her! På Soleggen fjellstue er det mange barn og unge som har fått smaken på friluftslivet og det gode livet i fjellheimen.

Vi blir møtt av dagleg leiar Britt Medalen Nilsen, som saman med tre andre entusiastar «flytta til fjells for å bu og jobbe», som det stod i GD attende i 2023.

I dag er det Britt og sambuaren Sigrun som driv Soleggen på heiltid, saman med ein dedikert dugnadsgjeng, eit engasjert styre og innleigde leirskulelærarar delar av året.

For dei som ikkje kjenner Soleggen, er dette ei perle på 957 meter over havet i eit gamalt seterlandskap, om lag 10 kilometer frå Fossbergom. Du kan faktisk gå både til og frå Soleggen frå sentrum, mellom anna langs kulturstigen «Setervegen til fjells», som går til Skutlan. Plassen vart kjøpt av Rudolf Steinerskolen i Oslo i 1986, og er i dag organisert som ei stifting.

Her er det god overnattingskapasitet med 80 sengeplassar fordelt på 23 rom, og store delar av året er plassen fylt med barn og unge på leirskule i Steinerskulen si ånd. Då vi er på besøk, er det yoga-retreat på Soleggen, noko som passar godt i domen som vart bygd i 2019. Her skal det forresten òg vere konsert under årets Diktardagar.

Britt har tidlegare jobba som matansvarleg under Øyafestivalen, og engasjementet for lokalmat skin tydeleg gjennom. Soleggen kjøper mellom anna grønsaker frå Aukrust Gard & Urteri og kjøt frå Hallvard Helland. Dei har også eit godt samarbeid med Lom sine to museum – Norsk Fjellsenter og Fossheim Steinsenter.

Framover skal leirskulen gjerast meir tilgjengeleg for fleire, og til det arbeidet har dei nyleg fått 700 000 kroner i tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB til oppgradering av soverom og bad. 

Gratulerer så mykje med det!