Nye søknadsfrister
Lom kommune har vedteke midlertidige søknadsfristar for det kommunale næringsfondet i 2026. Fyrste frist er 25. mai, og ein eventuell andre frist blir 15. oktober, dersom det står att midlar. Kommunen oppmodar søkjarar til å ta kontakt med næringssjefen før innsending. Bedrifter som søkjer om tilskot til landbruk og skogbruk treng ikkje å forhalde seg til den nye søknadsfristen.
Besøk frå NHO
NHO har nyleg gjennomført kommunedag i Lom, med bedriftsbesøk, møte med kommunen og kåring av TINE Meieriet Lom og Skjåk som månadens bedrift. I tillegg vart det arrangert bedriftslunsj på Fossberg, der lokale verksemder delte erfaringar og innspel.
Våren byr òg på fleire opne arrangement:
- Vaffeltreff 30. april
- Infomøte 4. mai om utbyggingsprosjekt
- Frukostmøte 5. mai for næringslivet
Kommunen jobbar vidare med kampanjefilm om startlån, har investert i nye utemøblar og vurderer søknad om støtte til betre mobildekning. Det er òg framleis ein ledig plass i lærlingkollektivet for unge i arbeid eller utdanning.
Til slutt finn du ei oppdatert oversikt over ledige bustader, tomter og næringsareal for dei som vurderer etablering eller utvikling i Lom.
Les nyheitsbrevet for mai her Nyheitsbrev for mai
Ynskjer du å få nyheitsbrevet rett i innboksen din?
Meld deg på her